top of page

man. 11. jul.

|

Uggdal og Våge Hamn

Kystoppleving til Fjelberg Prestegård 11. juli-22

Måndag11.,18.,25.- juli og 1. august kan du bli med på ei eventyrleg kystoppleving med båt frå Tysnes til den verna prestegården Fjelberg Prestegård, på øya Fjelberg.

Registreringen er lukket.
Se andre arrangementer
Kystoppleving til Fjelberg Prestegård 11. juli-22

Tid og sted

11. jul. 2022, 09:30

Uggdal og Våge Hamn, Våge, Norge

Om denne turen

DETTE BLIR EIN FANTASTISK DAG

Ei kystoppleving med historieforteljing, omvisning og ein matbit på den verna Fjelberg Prestegård. 

Det blir mønstring ombord i MS Venemøy frå Ole Vaage Dampskibsekspedisjon i Uggdal og deretter frå Våge Hamn  før turen går vidare på austsida av Tysnes. Vi går gjennom vakre Godøysund og Lukksund. Så vil ytre del av Hardangerfjorden openbare seg, vi vender styrbord og går mot sørvest til vi kjem til øya Fjelberg. Der blir vi møtt av vertskapet på kaia og vi tar eit strandhogg med omvisning i kyrkja, omvisning på tun og i prestegården. Vi får servert lunsj og kaffi/kaffimat der. 

Etter omvisninga på Fjelberg Prestegård går ferda tilbake via Langenuen og vi tar vestsida av Tysnes gjennom Bårsund og avsluttar turen i Våge Hamn og Ole Vaage Dampskipsekspedisjon i Uggdal.

FARTØY OG REISE

Vi reiser med båtførar og guide Stian Rysjedal og MS Venemøy. Telefon 91129707. Epost: stian@kystoppleving.no

Båten tar på opplevingstur 25 personar, og har tre salongar der to av dei har god utsikt.

Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyta den vakre naturen frå dekk. Vi går igjennom historiske farvatn og det blir guiding undervegs. Ta på praktiske sko og varme/vindtette klede. Båten har enkel servering og skjenkeløyve.

PRISAR

Billett for ein heldagstur : 1495 NOK pr vaksen person inkl mva. 

Barn 12-3 år kr 890.  (3 år og yngre er gratis)

Prisen inkluderer: Båttur med guiding, sightseeing i historiske farvatn. Guiding i Fjelberg kyrkje og prestegard, lunsj på Fjelberg Prestegård, og dessutan kaffi og kaffigodt etterpå. Vi er i land på Fjelbergøy i ca 1,5 time.

AVGANG, TID OG STAD

Start kl 09:30 frå Kaien ved EH. Vaage Dampskipsekspedisjon i Uggdal. Båten startar der og går så til Våge Hamn på Tysnes. Oppmøte ved turistinformasjonen. Du kan gå på i Våge Hamn ca kl 10:00

TILBAKE, TID OG STAD

Ca Kl 15:00 til Våge Hamn. Båten går så vidare til EH. Vaage Dampskipsekspedisjon i Uggdal for dei som eventuelt har parkert der, eller skal vidare til Haaheim Gaard.

KORLEIS KOMMA SEG HIT / REIS GRØNT.

Du kan ta Skyss buss frå Bergen til Halhjem fergekai. Det tar ca ein time. 

Så går du på ferje til Våge Hamn og får ein flott fergetur på 35 minutt til Våge i Tysnes. 

Når du kjem til Tysnes går du av ferja og det tar 3 minutt å gå ned til turistinformasjonen på kaia der MS Venemøy som skal gå til Fjelberg Prestegård kjem og hentar deg klokka 10.00. Sjekk tider på skyss.no. Du kan skjølvsagt òg komma deg til Uggdal eller Våga Hamn med eigen bil - eller kanskje sykkel ?

VILKÅR. Påmelding er bindande. Vi  kan avlysa turen ved svært dårlege vêrforhold. Du vil få melding og tilbakebetalt beløp viss vi må avlysa. 

PÅMELDING og BETALING

Passasjerar må melda inn namn og kontaktinformasjon på nettsida www.kystoppleving.no

Turen blir umiddelbart reservert for deg i fem dagar ved påmelding. Du vil få tilsendt betalingsinformasjon. Billett blir send på epost så snart registrering av betaling er notert. Du kan betala med bankkort, kredittkort eller med VIPPS

Velkomen ombord til skipsførar Stian som tar deg gjennom ei kystoppleving på ein eventyrleg måte.

bottom of page