top of page

tir. 04. okt.

|

Leirvik Kai, Snøggbåtkaien

Kystoppleving til fiskeværet Espevær juli 2023

I juli 2023 tilbyr vi ein heilt unik tur frå Leirvik Havn, til Espevær. Datoer for 2023 kommer snart! Velkomen ombord til skipsførar Stian med båten Venemøy, som tar deg gjennom kystopplevinga på ein eventyrleg måte.

Påmeldingen er lukket
Se våre andre turer !
Kystoppleving til fiskeværet Espevær juli 2023
Kystoppleving til fiskeværet Espevær juli 2023

Tid og sted

04. okt. 2022, 08:45

Leirvik Kai, Snøggbåtkaien, Leirvik, Norge

Om denne turen

Unik kystoppleving med MS Venemøy

Turen startar frå Leirvik Kai, derfrå set vi kurs mot Røyksundkanalen, Kulleseidkanalen og vidare ut i skjergarden i søre del av Bømlo, til Espevær. 

Etter ca 2 timar med med unik natur og historiske forteljingar tar vi eit ca  1 -1,5 timars standshogg på perla i vest; Espevær. Her vil skipsførar Stian ta deg med på omvisning langs den 1,8 km lange gangvegen som går gjennom gardstun og langs gamle sjøhus som rammar inn den unike øya. 

På Espevær blir det servert enkel mat, og dessutan kaffi og kaffigodt, på Gamleposten 5444.

Heimover set vi kursen inn Bømlafjorden og ender turen der vi gjekk ombord, Leirvik Kai.

FARTØY OG REISE

Vi reiser med båtførar og guide Stian Rysjedal og MS Venemøy.

Telefon 91129707. Epost: stian@kystoppleving.no

Båten tar med seg 25 passasjerar på opplevingsturane, og har tre salongar der to av dei har god utsikt.

Båten har i tillegg god dekksplass som gjer moglegheit for å nyta den vakre naturen frå dekk. Vi går igjennom historiske farvatn og det blir guiding undervegs. 

Ta på praktiske sko eller støvlar og varme/vindtette klede. Båten har enkel servering og skjenkeløyve.

PRISAR

Billett for ein eventyrleg dag: 1495 kr pr vaksen person inkl mva. 

Barn 12-3 år kr 890,-  (3 år og yngre er gratis)

Prisen inkluderer: Båttur med guiding, sightseeing i historiske farvatn. Omvisning på Espevær, ein matbit på restauranten Gamleposten 5444 – lubbesild og kalde reve, eller dagens heimelaga suppe og brød, og dessutan kaffi og kaffigodt etterpå. Vi er i land på Espevær ca 1,5 time.

AVGANG, TID OG STAD

kl 12.00 frå Leirvik Havn. Sjå påmeldingsskjema. 

HEIMTUR, TID OG STAD

Kl 17:00 til Leirvik Havn. 

KORLEIS  KOMMA SEG HIT / REIS GRØNT.

Du kan ta Norway Bussexpress frå Bergen 09.30 til Leirvik på Stord 11.30. Det tar ca to timar. Dette er ikkje inkludert i billettprisen for turen. Sjekk nettsida til Norway Bussexpress.

OVERNATTING

Nytt for 2023 er vårt samarbeid med Stord hotell. Priser kommer snart.

VILKÅR: Påmeldinga er bindande. Vi kan avlysa turen ved svært dårlege vêrforhold og få påmeldte. Du vil då få tilbake innbetalt beløp. 

PÅMELDING og BETALING

Passasjerar må melda inn namn og kontaktinformasjon her på nettsida www.kystoppleving.no

Turen blir reservert for deg i fem dagar og billett blir send på epost så snart registreringa vår av betalinga di er notert.

Du kan betala med bankkort, kredittkort eller med VIPPS. 

Velkomen ombord til skipsførar Stian som tar deg gjennom kystopplevinga på ein eventyrleg måte !

Share This Event

bottom of page