søn. 10. jul.
|Leirvik Kai og Mosterhamn
Kystoppleving til fiskeværet Espevær 10. juli -22
Fire søndagar i sommar tilbyr vi ein heilt unik tur frå Leirvik Havn og Mosterhavn, til Espevær. Datoane er 10.,17.,24. - og 31. juli 2022. Velkomen ombord til skipsførar Stian med båten Venemøy, som tar deg gjennom kystopplevinga på ein eventyrleg måte.


Tid og sted
10. jul. 2022, 12:00
Leirvik Kai og Mosterhamn, Leirvik, Norge
Om denne turen
Unik kystoppleving med MS Venemøy
Turen startar frå Leirvik Kai og set kursen mot Mosterhamn.
Der kan dei som har vore på omvisning på Moster Amfi gå ombord i Venemøy frå Mosterhamn før vi fortset mot Røyksundkanalen, Kulleseidkanalen og vidare ut i skjergarden i søre del av Bømlo, til Espevær.
NB ! Omvisning på Mosterhamn før turen: Viss du vil gå på i Mosterhamn vil vi tilby omvising i Moster gamle kyrkje og utstillinga frå norrøn til kristen tid. Det tek om lag 35 min. Då må dei som skal gå på frå Mosterhamn stille utanfor kyrkja kl. 11.30, så blir dei vist veg ned til kaia etterpå.
Etter ca 2 timar med med unik natur og historiske forteljingar tar vi eit ca 1 -1,5 timars standshogg på perla i vest; Espevær. Her vil skipsførar Stian ta deg med på omvisning langs den 1,8 km lange gangvegen som går gjennom gardstun og langs gamle sjøhus som rammar inn den unike øya.
På Espevær blir det servert Lubbeslild og kalde reve (poteter), og dessutan kaffi og kaffigodt, på Gamleposten 5444.
Heimover set vi kursen inn Bømlafjorden og ender turen der vi gjekk ombord, enten i Mosterhamn eller i Leirvik Kai.
FARTØY OG REISE
Vi reiser med båtførar og guide Stian Rysjedal og MS Venemøy.
Telefon 91129707. Epost: stian@kystoppleving.no
Båten tar med seg 25 passasjerar på opplevingsturane, og har tre salongar der to av dei har god utsikt.
Båten har i tillegg god dekksplass som gjer moglegheit for å nyta den vakre naturen frå dekk. Vi går igjennom historiske farvatn og det blir guiding undervegs.
Ta på praktiske sko eller støvlar og varme/vindtette klede. Båten har enkel servering og skjenkeløyve.
PRISAR
Billett for ein eventyrleg dag: 1495 kr pr vaksen person inkl mva.
Barn 12-3 år kr 890,- (3 år og yngre er gratis)
Prisen inkluderer: Båttur med guiding, sightseeing i historiske farvatn. Omvisning på Espevær, ein matbit på restauranten Gamleposten 5444 – lubbesild og kalde reve, eller dagens heimelaga suppe og brød, og dessutan kaffi og kaffigodt etterpå. Vi er i land på Espevær ca 1,5 time.
AVGANG, TID OG STAD
kl 12.00 frå Leirvik Havn. Vi vil og plukka opp gjester frå Moster Amfi/Mosterhamn på bestilling ca 12.20. Sjå påmeldingsskjema.
HEIMTUR, TID OG STAD
Kl 17:00 til Leirvik Havn. Vi kan setja av gjester på Moster Amfi /Mosterhamn på bestilling.
KORLEIS KOMMA SEG HIT / REIS GRØNT.
Du kan ta Norway Bussexpress frå Bergen 09.30 til Leirvik på Stord 11.30. Det tar ca to timar. Dette er ikkje inkludert i billettprisen for turen. Sjekk nettsida til Norway Bussexpress.
VILKÅR: Påmeldinga er bindande. Vi kan avlysa turen ved svært dårlege vêrforhold. Du vil då få tilbake innbetalt beløp.
PÅMELDING og BETALING
Passasjerar må melda inn namn og kontaktinformasjon her på nettsida www.kystoppleving.no
Turen blir reservert for deg i fem dagar og billett blir send på epost så snart registreringa vår av betalinga di er notert.
Du kan betala med bankkort, kredittkort eller med VIPPS
Velkomen ombord til skipsførar Stian som tar deg gjennom kystopplevinga på ein eventyrleg måte !