top of page

tir. 12. jul.

|

Uggdal og Våge Hamn

Kystoppleving fra Tysnes til historiske Halsnøy Kloster 12. juli-22

Fire tysdagar i juli/august (12.,19.,26. juli og 2. august) tar vi deg med på ei eventyrleg kystreise frå Tysnes til historiske Halsnøy Kloster. Der går vi i land og får omvisning og ein matbit.

Registreringen er lukket
Se andre arrangementer
Kystoppleving fra Tysnes til historiske Halsnøy Kloster 12. juli-22
Kystoppleving fra Tysnes til historiske Halsnøy Kloster 12. juli-22

Tid og sted

12. jul. 2022, 09:30

Uggdal og Våge Hamn, Våge, Norge

Om denne turen

TYSDAGSTUR: 12,19,26 JULI og 2 AUG.

Rute : Uggdal, Våge Havn, Godøysund, Lukksund, Onarheimsfjorden. I land på historiske Halsnøy kloster med omvisning, utstilling og ein matbit. Retur via Langenuen og Bårdsundet til Tysnes.

.

Kystoppleving med MS Venemøy til Halsnøy kloster

Det blir mønstring ombord i MS Venemøy frå Ole Vaage Dampskibsexpedisjon i Uggdal  og Våge Hamn før vi set  kurs mot austsida av Tysnes.  Vi går gjennom vakre  Godøysund og Lukksundet og så vil den ytre delen av Hardangerfjorden openbare seg. Så vender vi styrbord og går mot sørvest til vi kjem til Halsnøy. På Halsnøy kloster blir me møtt av den lokale guiden  - og tar eit strandhogg med lunsj og omvisning der. 

Etter omvisning og lunsj på  Halsnøy kloster stakar vi ut kursen mot Langenuen og tar  vestsida av Tysnes,  gjennom Bårsund og avsluttar turen i Våge Hamn og Ole Vaage Dampskibsexpedisjon i Uggdal.

FARTØY OG REISE

Vi reiser med båtførar og guide Stian Rysjedal og MS Venemøy. Telefon 91129707. Epost: stian@kystoppleving.no

Båten tar på desse opplevingsturane med seg 25 personar og har tre salongar, der to av dei har god utsikt.

Båten har i tillegg god dekksplass som gjev moglegheit for å nyta den vakre naturen frå dekk. Vi går igjennom historiske farvatn og det blir guiding undervegs. Ta på praktiske sko eller støvlar  og varme/vindtette klede. Båten har enkel servering og skjenkeløyve.

PRISAR

Ein opplevelsesrik dagstur til 1495 NOK pr vaksen person inkl mva. 

Barn 12-3 år NOK 890,-  3 år og yngre er gratis.

Prisen inkluderar: Båttur med guiding, omvisning og historieforteljing i historiske farvatn. Guiding på Halsnøy kloster, suppe og brød til lunsj, og dessutan kaffi og kaffigodt etterpå. Vi er i land på Halsnøy kloster i ca 1,5 time.

AVGANG, TID OG STAD

Start kl 09:30 frå kaien ved EH. Vaage Dampskipsekspedisjon i Uggdal. Båten startar der og går vidare til Våge Hamn på Tysnes. Oppmøte ved turistinformasjonen kl 10:00.

ATTENDE, TID OG STAD

Ca Kl 15:00 til Våge Hamn på Tysnes. Båten går så vidare til EH. Vaage Dampskipsekspedisjon i Uggdal for dei som eventuelt har parkert der, eller skal til Haaheim Gaard.

KORLEIS  KOMMA SEG HIT / REIS GRØNT.

Du kan ta Skyss buss frå Bergen til Halhjem fergekai. Det tar ca ein time. Så går du på ferja til Våge og får ein flott fergetur på 35 minutt frå Halhjem til Våge i Tysnes.  Når du kjem til Tysnes går du av ferja og det tar 3 minutt å gå ned til turistinformasjonen på kaia kor MS Venemøy, som skal gå til Halsnøy kloster, kjem og hentar deg klokka 10.00. Sjekk buss og ferjetider på skyss.no

VILKÅR. Påmelding er bindande. Turen kan bli avlyst ved svært dårlege vêrforhold. Du vil få melding og tilbakebetalt beløp viss vi må avlysa. 

PÅMELDING og BETALING

Passasjerer må melda inn namn og kontaktinformasjon her på nettsida www.kystoppleving.no

Turen blir reservert for deg umiddelbart. Du vil få tilsendt betalingsinformasjon. Billett blir send på epost så snart registrering av betaling er notert hos oss.  Du kan betala med bankkort, kredittkort eller med VIPPS. 

Du er sikra plassen når vi innan har registrert betalinga di. 

Velkomen ombord til skipsførar Stian som tar deg gjennom kystopplevinga på ein eventyrleg måte !

Share This Event

bottom of page